Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Saniteten takkar

Saniteten takkar

Elinor Bolme Torsdag 3. februar 2011

I høve innsamlingsaksjonen for å skaffe til veie hjartestartar til Todalen, ynskjer Todalen Sanitetsforening i etterkant av årsmøtet å takke alle som støtta oppunder prosjektet. Hjartestartaren, som har vorte kalla Hjartine fekk inn 61000 kr. Etter alt utstyr som følgde er betalt står fortsatt over 25000 kr på bok som høyrer Hjartine til. Dette er midlar som vil  følgje hjartestartaren, til for eksempel opplæringsmateriell, nye batteri eller anna høvelege utstyr.

Saniteten rettar difor ein stor takk til

-Gjensidige Forsikring

-Todalen Idrettslag

-Ica Nær Todalen

-Todalen Elvaeigarlag

-Godt Mot Todalen

-Talgø AS

-Eldremiddagen

-Statkraft

-Todalen møbelfabrikkforening

-Småbåtforeninga

-Todalen Sanitetsforening

Hjartine heng på brannstasjonen på Kvennset, men hugs å ringe 113 ved behov! Då kjem opplært mannskap frå Brannvesnet i Todalen, for dei blir automatisk varsla via AMK sentralen.

Publisert: 3. februar 2011, 10:13