Todalen sanitetsforening hadde laurdag klesinnsamling i Sanitetshuset på Kvennset. – Og folk kom med både klær, sko og leiker i både sekkar og kartonger, og Synnøve og Kristine lasta sekk på sekk inn i reiskapshuset utafor Sanitetshuset. Seinare skal dette transporterast til Estland, for utdeling til barneheimar og andre som treng det.

Saniteten spanderte ein kaffedråpe på terrassen i finvêret. Frå venstre Ingeborg talgø, Jorunn Ørsal, Jorunn Ness, Eli Bruset, Sigrun Ørsal, lovise Jørgensen og Ingunn Kjølstad. Foto: Jon Olav Ørsal
Gjevargleda var stor og det var mange som letta sine overskotslager av forskjellige klær, sko, leiker og anna høveleg utstyr. Sanitetsen kvitterte med gratis kaffeservering på terrassen utafor sanitetshuset. Både nyttig og ikkje minst sosialt!