Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Saniteten samlar klær til Estland

Saniteten samlar klær til Estland

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. april 2010

Da Todalen.no var innom Sanitetshuset sist laurdag, var det kome inn nærare hundre sekkar med klede som seinare skal fraktast til Estland for å kome til nytte på barneheimar og likanade. Det er no 3. gongen at Todalen Sanitetsforening deltek i slik aksjonar, og givargleda har vore like stor kvar gong, seier Ragnhild Ansnes Moe og Marit Sanden Søyset som var ansvarleg for innsamlingsaksjonen for Saniteten.

I sekkane var det alle typar klede og sko for store og små, og i tillegg var det både bamsar og anna leiker som  små todalingar har vokse frå. Og da er det sjølvsagt fint at både kleda og leiker kan koma til nytte hos barn og ungdom som ikkje har så mykje å rutte med og som treng nye klede.

Transport organiseres saman med fleire andre lag, mellom anna i Rindal. I år er det og planlagt at medlemar frå saniteten skal vera med over til Estland for å sjå korleis klede og sko som er samla inn kjem til nytte

Saniteten har forøvrig fleire viktig saker på gang. Dei er også i full gang med å samle inn pengar til «Hjartine» som er hjartestartaren som skal plasserast i brannstasjonen.  Den er no komen til bygds, og det står berre att å lage ein praktisk skåp for å plassere den i og så må det ei omfattande opplæring til før den kan takast i bruk.

Elles er både vårdugnad og salg av maiblomster på like rundt hjørnet. Saniteten opplever no eit generasjonsskifte, med dobling av medlemstalet og vi vil nok både sjå og høre meir til sanitetskvinnene utover året!

Først publisert: 17. april 2010, 16:02 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:01