I dag fekk elevane i Todalen oppvekstsenter besøk frå Todalen Sanitetsforening. Leiar Åse Ville Redalen fortalde at dei hadde eit ønske om å gi noko til barna på skulen og i barnehagen. Dei hadde kjøpt inn refleksvestar som barna kan bruke når dei skal på tur langs vegen. Elevane tykte dette var kjekt, og kunne mest ikkje vente med å prøve dei.

Barnehagen hadde steikt bakels og vi hadde eit koseleg måltid i hallen før vestane kom på. Elevane og oppvekstsenteret takkar for gåva.
