Fredag og laurdag markerer Todalen Sanitetsforening fastelavn med sal av fastelavnsrid og fjær utafor butikken til Matkroken Todalen. Vi trefte Åse V. Redalen og Karen Johanne Talgø som var i full gang med salet, og her kunne du kjøpe bukettar med fastelavnsrid – eller fjær for å pynte treet som står ved vegen mellom attmed HalsOils drivstoffanlegg.
Da vi stakk innom i dag var det Åse Redalen og Karen Johanne Talgø som var på post utafor Matkroken – og salet gikk strykande kunne dei to berette. Dei rekna med å selje fastelavnseffektar for 10.000 kroner for Todalen sanitetsforening i årets kampanje.