Søndag er fastelavnssøndag, og det markerr Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris og servering av bollar og kakao på Matkroken Todalen. Saniteten har lange tradisjonar med feiring av fastelavn – dei starta tradisjonen rett etter krigen, og det er framleis eit levande og populært innslag på etterjulsvinteren. Da vi stakk innom Matkroken på føremiddagen var det Jorunn Ørsal og Åse Redalen som var på plass – og salet gikk strykande.
Dei hadde også med seg loddbok for årslotteriet der hovudgevinsten er dokka Tora med full garderobe i tillegg til fleire fine gevinstar – og for ein 10-er kan du sikre deg ein vinnarsjangse. Stikk innom butikken og støtt saniteten. Dei blir å finne i butikken utover dagen!