Årets store Sanitetsbasar er like rundt hjørnet – det vil med andre ord seie tysdag kveld den 11. oktober – i Sanitetshuset på Kvennset. I dag, fredag og i morgon, laurdag er det førehandssal av lodd på Matkroken Todalen, og det føregår i opningstida. I dag var det Maren Ansnes som var på plass med loddboka da vi var innom butikken.
Førehandssalet kosta kr 100 pr lodd, og ho hadde alt skrevet full fleire sider da vi var innom. Dersom du ikkje har høve til å stikke innom bnutikken så kan du kjøpe lodd og betale med Vipps nr 534955, så kjem pengane direkte inn på Todalen Sanitetsforenings basarkoto, og du bli med på trekninga tysdag kveld. Da kan du kjøpe lodd og støtte Sanitetsens arbeid via Vipps, berre du har tilgang til internett.
«Men vi ser da så gjerne at du stikk innom Sanitetshuset tysdag kveld – både for å kjøpe lodd eller for å ta ein kaffekopp – eller kanskje for å bli med på den spennande trekkjinga da, seier Maren til slutt.