Etter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.
Lokasjonen kunne kanskje vore på fleire plassar, men saniteten ønsker at hjartestartaren skal være i «sitt rette element» og øke beredskapen ytterlegare ved ulike arrangenent i bygda. Derfor har Todalen Sanitetsforening inngått avtale med Todalen Idrettslag der dei får ha tilgang på hjertestartaren ved idrettsanlegget sitt på Bordholmen.
Ivar Bolme i Todalen brannvesen har tatt på seg forvaltnings- og driftsansvar av hjartestartaren og vil saman med Arnt Ivar Brøndbo arrangere kurs for alle interesserte onsdag 7. mai kl 19 på Bordholmen. Styra i saniteten og idrettsllaget oppfordrar derfor alle som ferdast ein del på Bordholmen av banemannskap, trenarar, oppmenn, foreldre og andre til å delta på kurset. Her er det snakk om eit enkelt førstehjelpskurs der ein i tillegg blir gjort kjent med ein hjartestartars funksjon og bruk.
Hjartestartaren på Bordholmen vil berre vere eit supplement til beredskapen i Todalen, men fortsatt vere innmeldt hos AMK. Hjartestartaren som er tilknytt brannvesenet og heng i brannstasjonen er den som vil bli bruka ved øyeblikkeleg hjelp, innmelt til 113.