Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Sammen er vi mindre alene»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. september 2025

Det var tittelen på årets Pårørendekonferansen 2025 som i Surnadal kommune vart arrangert i Kammerset på Surnadal kulturhus. – Pårørendekonferansen er en digital konferanse, der kvar enkelt kommune sjølv må legge til rette for arrangementet, fortel ein av initativtakarane i Surnadal kommune, Mona Rita Rønning. – Målet med å arrangere Pårørendekonferansen i Surnadal kommune, er eit håp om at vi innan 2030 skal greie å etablere ein pårørandeallianse på tvers av diagnose og alder, legg ho til. Det var sanitetsforeningane som stod for serveringa under konferansen. 

Unni Birkeland og Else Kåss Furuseth var programleiarar for årets konferanse, medan årets artist var Kari Bremnes. 

Helseminister Jan Christian Vestre opna årets Pårørendekonferanse.

Yvonne Solberg, Seniorrådgiver Helsedirektoratet snakka litt om «Pårørendeavtalen» og at den er eit godt verkty for godt samarbeid. Øyvind Blindheim og Guro Kulset Meråkerås, far og forfattar, fortalte om boka «Syver og kampen mot barnedemens». 

Mari Trommald som er avdelingsdirektør i Kommunenes Sentralforbund tok for seg samhandlinga mellom stat og kommune når det gjeld psykisk helse og rus. Kristin Molvik Botnmark hadde eit foredrag om ho hadde kalla «Er det plass til pårørende i arbeidslivet?» 

Merethe Moy tok for seg temaet «Loven om barn som pårørande». Det vart også vist  filmar fem kortfilmar og ulike tema innafor det å vere pårørande. 

Kommunalsjef helse og omsorg, Gunnhild Eidsli, orienterte litt om dagens program. Foto: Mona Rita Rønning

Det var samtale i studio med forskar Anne Grethe Solberg, der temaet var «Fra utfordring til mulighet: Tilrettelegging for pårørende». Det var også sofasamtalar med Anne Kristine Bergem – Blir barn som er pårørende godt nok ivaretatt?», Hedda Hjaltadottir, «Pårørende eller «bare» søster», Elin Langdahl – «Mor pårørende og familiens logistikksjef», Øystein Pettersen – «Hva skal til for å skape et lag der alle lykkes?» og Kristiane M. Hansson – «Godt pårørendearbeid gjør oss mindre alene». 

Ein fekk og høyre den sterke historia til Thea, som da ho var fem år opplevde at mora vart henta av ambulanse utan at ho fekk seie hade eller at nokon forklarte henne kva som skjedde. 

Larvik kommune i Vestfold fylke vart under konferansen kåra til vinnar av «Pårørendeprisen 2025». Fjorårets vinnar av denne prisen, Lillestrøm kommune fortalde litt om kva prisen har betydd for dei og kva prisen har ført til.

– Både fagmiljøet og pårørende som var på Pårørendekonferansen 2025, var unisont enige om at det var en bra konferanse, sa Rønning. 

– Eg håpar som sagt at vi klarer å etablere ein pårørande arena på tvers av diagnoser og alder, avslutta ho. 

«Sammen er vi mindre alene»

 

 

 

 

 

Publisert: 26. september 2025, 06:29