Kyrkja i Surnadal har lenge samla inn klede, sko og anna utstyr til flyktningane som er busett i Surnadal kommune, og mange har respondert og bidrege. Diakon i Surnadal, Aud Pauline Indset, fortel at det akkurat no er størst behov for klede og sko til barn i alderen 0 – 8 år.
Så dersom det er nokon som har klede eller sko til denne aldersgruppa dei ønsker å gje bort, så kan dette leverast på kyrkjelydshuset i Surnadal måndag – torsdag mellom klokka 10:00 – 14:00.
Samtidig vil diakon Indset, på vegne av kyrkja i Surnadal, seie tusen hjarteleg takk for dei bidraga dei allereie har fått inn!
Takkeplakaten kan du også lese her: «Tusen hjarteleg takk!»