I samband med NM-arrangementet i Todalen inviterte Norges Skiforbund løparar, funksjonærar og arrangørar til eit lite arbeidsmøte på Talgø utstillingssenter laurdag ettermiddag. Hensikten med møtet var å prøve å stake ut kursen vidare for randoneesporten, fortel Martin Bartnes frå Norges skiforbund.
Randonee ligg i dag som ei undergruppe til Telemarkgruppa i Norges skiforbund, og er enno ei lita gruppe samanlikna med andre. Hensikten med møtet i dag var å få innspel frå løparar og arrangører om korleis dei vil at randonee som idrett skal utvikla seg vidare. Frå Skiforbundet var det Martin Bartnes, saman med Mikkel Frodal som var inleiarar.
Gjennom gruppe kom det mange innspel og det er optimisme i leiren, og det var eit gjennomgåande tema at ein må finne måtar der ein kan få med fleire og få eit større miljø. Forskjellige metodar for rekruttering vart diskutert og fleire av deltakarane sa seg villige til å delta i arbeidet med å utvikle randoneesporten vidare. – Vi fikk mange innspel som vi vil ta med oss vidare, sa Martin Bartnes.