Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla naboane og tennte julegrana

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. desember 2018

I Brusetmarka var det storstila julegrantenning i kveld, og arrangementet «grip om seg» med stadig fleire deltakarar. Det er triveleg å samle naboane og gjera ting saman, og sjølvsagt var det servering av både gløgg, pølser, sjokolade og mykje anna godt.  Deltakartalet passert denne gongen god over tretti og både store og små kosa seg denne mørke og milde desemberkvelden med opptil fleire varmegrader.

Mykje godsaker – i garasjen var det buffe med gløgg, kaker, pølser, sjokolade og mykje anna godt. Foto: Jon Olav Ørsal

Julegrana i Brusetmarka står midt i Trudvangkrysset og det er Steinar Frøystad, Torill Talgø og Anita Talgø som nærast er sjølvutnemnt vertskap og som har drege i gang denne trivelege tradisjonen. Alle som vil kan sjølvsagt kome, men den næraste grenda er sjølvsagt spesielt invitert – frå bruset og oppover til Kårvatn.

Venninner på julegrantenning – Nathalie Astrid og Aleksandra. Foto: Jon Olav Ørsal

Triveleg å samlast – Her kan du slå av ein prat med naboen. Foto: Jon Olav Ørsal

Tek initiativ til julegrantenning – frå venstre Steinar Frøystad, Torill Talgø og Anita Talgø sørger for varmepølser, gløgg og anna godt. Foto: Jon Olav Ørsal

… og slik ser årets juletre ut etter at det er forsynt med tusenvis av lys. Triveleg at det brukes mykje lys no i mørketida. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 1. desember 2018, 19:48