I Brusetmarka var det storstila julegrantenning i kveld, og arrangementet «grip om seg» med stadig fleire deltakarar. Det er triveleg å samle naboane og gjera ting saman, og sjølvsagt var det servering av både gløgg, pølser, sjokolade og mykje anna godt. Deltakartalet passert denne gongen god over tretti og både store og små kosa seg denne mørke og milde desemberkvelden med opptil fleire varmegrader.
Julegrana i Brusetmarka står midt i Trudvangkrysset og det er Steinar Frøystad, Torill Talgø og Anita Talgø som nærast er sjølvutnemnt vertskap og som har drege i gang denne trivelege tradisjonen. Alle som vil kan sjølvsagt kome, men den næraste grenda er sjølvsagt spesielt invitert – frå bruset og oppover til Kårvatn.