Dagens lysmesse i Todalen kyrkje samla over 50 tilhøyrarar, og var ei triveleg samling og gjenhør med mange veteranar. Vikarprest var Torbjørn Brøske, som innleia gudstenesta med å minne oss på kor heldige vi er som kan feire adventstida og seinare jula i ro og fred uten frykt for krigshandlingar. – Må vel være enig i at det er litt betenkeleg når så mange prøver å skape ro og fred uten at dei får det til – vi kan f.eks nemne Nato, EU, FN og mange andre.
Lysmessa markerer at vi har starta på eit nytt kyrkjeår, som er prega av mykje lys – både i kyrkja og i vindu, verandaer og i tre. Det er ei fin markering i mørketida vi no er inne i, og har nok stor symbolsk betydning for mange som sliter med å finne ut av livet i mørketida. Men som Brøske sa i si preken, så skal det lite lys til for å finne ut av personleg mørke og for å finne håp.
I dagens gudsteneste var det mykje tekstlesing, men her var ein godt rusta med tekstlesarar. Forutan konfirmantane bidrog både Gudmund Husby, Borghild Talgø og Randi V. Bøe. Elles var det Bernt Bøe som trakterte orgelet og Kristian Settem som var kyrkjetenar – begge veteranar som no er pensjonistar. Men dei stiller opp for å «halde hjula i gang».
Dagens takkoffer går til kyrkjelydsarbeidet, og dersom det er nokon som vil yte ein skjerv så er vippsnummeret som kan brukast 506908. Vidare blir det adventskonsert med P17-koret komand søndag 10. desember kl 15. Vi vart også påminnt om julegudsteneste på julaften kl 16 og nyttårsgudsteneste på nyttårsaftan kl 16.