Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest og jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå 1969 som var spesielt invitert. På menyen stod det svinegryte med potetstappe, og etterpå vart det servert kaffe og kaker.

4 av dei 6 konfirmantane i 1969 deltok i jubileumsfesta i Todalen ungdomshus. Frå venstre Knut Halset, Ragnhild Halle Løften, Marie Hyldbakk Ovesen og Odd Magnar Gjeldnes. I tillegg vart Ola Halle og Randi Grønmyr konfirmert saman med dei. Randi Grønmyr gikk bort så alt for tidleg i 2016. Foto: Jon Olav Ørsal
Britt Mossing ønska velkomen på vegne av soknerådet og ønska velkomen til bords med bordverset. Praten gikk lett under middagen, og det var mangt å minnast for konfirmantane frå skuletida og frå konfirmasjonsførebuingane som den gongen var langt inn i undervisninga på ungdomsskulen. Vidare var det allsong med eit potpurri av kjente songar som var sett saman av Bernt Bøe ein gong i tida.
Det var også knytt stor spenning til årets konkurranse i quiz – forsamlinga vart delt opp i fire lag som alle la ein stor innsats og iver i konkurransen. Det var Kristen Bruset som leia quizkonkurransen og han hadde laga såpass vanskelege spørsmål at det barka litt mot for deltakarane. Har du lyst til å bryne deg på spørsmåla i quizen så kan du berre klikke på linken så kan du laste inn spørsmåla!
Søndag er jubilantane og alle andre invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje kl. 11.00 der det blir gudsteneste med sokneprest Kristin Strand. Under gudstenesta blir det dåpshandling og utdeling av 4 og 6 årsbok.
Bildeglimt frå konfirmasjonsfesta og quizkonkurransen – alle foto: Jon Olav Ørsal