For 5. året på rad driv Todalen sanitetsforeing innsamling av klær til Estland, og gjevarane svika ikkje denne gongen heller, for det kom inn over 120 store svarte søppelsekkar som var fulle av klær til innsamlinga laurdag. Sanitetskvinnene som administrerte innsamlinga hadde full opp med mottaket og sjølvsagt servering av kaffe til alle som var innom. Fenomenal respons seier Åse Ville Redalen som er ledar for Todalen sanitetsforening.
Innsamlingsaksjonen skjer i samarbeid med Estlandforeninga og Jan Sturla Jensvoll i Rindal. No skal klærne fraktast til Estland for utdeling til store og små som ikkje har anna mulegheit for å skaffe seg nye klede. Det er for eksempel born som bor på institusjonar og barneheimar og andre trengjande. Samtidig tykkjer vi at det er bra at avlagte klede kjem til nytte for andre istanden for å bli kasta.
Under innsamlinga på laurdag kom det folk både frå Nordvik, Kvanne, Surnadal og Bøfjorden for å levere brukte klede til innsamlingsaksjonen til Todalen sanitetsforening.