Med to haner og 23 tupper til bords, var Laila Kvendset Bergli klar til å kjøre randonee-kveld for damer ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er stor interesse for randonee og toppturar, og dette er ikkje noko som berre mannfolk driv med lenger. – Laila tykte det var positivt at så mange deltok, og ho hadde alliert seg med Ola Berger, som er godt kjent med terrenget i todalsfjella og nærast profesjonell på området. Både han, deira eigen Lars Inge Harrang, ga damene eit godt innblikk i kva randonee er for noko – og kva utstyr som trengs.
Ola Berger heldt eit interessant foredrag om randonee, medan Lars Inge var litt meir detaljert om valg av utstyr. Etterpå vart det både rådgjeving og prøving av utstyr – inkludert skredpakke som er viktig å ha når uhellet er ute og ein blir råka av snøskred.
Etterpå var Justyna og Line klare med suppekjelen, og serverte spicy maissuppe med foccachia til heile gjengen som kunne kose seg rundt lagbordet som for høvet var plassert midt i butikken. Så får vi håpe at det blir skiføre, slik at vi får prøve utstyret etterkvart.