Fredag kveld var ein gjeng frå Todalen elveeigarlag ute på stamlaksfiske, og denne kvelden gjorde dei eit skikkeleg scoop og samla inn heile 19 laksar til avlsarbeidet. Stamlaksfiske foregikk i Øvre- og Nedre hølen nedafor Brusetnesset.

Her blir laksen plassert i stamlakskassen. Etterpå vart laksane frakta i tankar til Stamlakshuset ved Bjøråa. Foto: Jon Olav Ørsal
Alle laksane som var i størrelse mellom 1 og 10 kg skal det no takast genprøver frå, og desse skal sendast inn til testing. Dei laksane som det er oppdrettsgener i vil da bli avliva, medan dei som er «ekte todalingar» blir med vidare. Da skal det velges ut 5 par som tek skal takast rogn og mjølke frå, før dei settes ut i Toåa igjen.
Dette var eit veldig vellukka stamlaksfiske, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Det vart eit godt utval både i størrelse og kjønn – med vekt frå 1 og oppover til dei største på rundt 10 kg for både hann- og hofisk. Vi bør ha såpass som 5 par å velge i, slik at vi får stor nok spredning på genene. Men normalt innslag av oppdrettslag burde stamlaksfisket være ferdig for i år, seier Bruset.

Dei to dykkarane – Ole Martin Øyen og Lars Kristian Kvande får assistanse med garnet frå Dan Roger Pedersen og Harald Myrås. Foto: Jon Olav Ørsal