Jo Ranheim og Karstein Mauset var godt nøgd med frammøtet på hagekonserten dei to hadde i hagen på Svinviks arboret. Litt spenning var det nok knytt til om vêret – det var nemleg litt truande, men i løpet av konserten vart det nokre få dråpar. Karsten Mauset var også litt spent i forkant av konserten, både på om det kom folk og om korleis eit par nye melodiar kom til å bli mottekne.

Rundt 70 kom for å høre Jo og Karstein under konserten i Svinviks arborets hage. Foto: Jon Olav Ørsal
Da kan vi berre seie at alt gikk veldig bra, – det går faktisk betre enn ein trur som oftast. Jo og Karstein starta med «I kveld», som er ei Perikomtekst og vidare gjennom konserten var det mykje Hyldbakk-tekster, men også innslag med tekster av Astrid Krogh Halse og Jørgen Gravvold. I løpet av konserten var det faktisk ein verdspremiere, da «Venen» vart framført – ei tekst som var henta frå Dordi Skuggeviks bok – «Tante Borg»

Du fann ingen blome – eit flott innslag med Jo Ranheim på gitar og Torill Moe som gjesteartist i duett med Karstein Mauset. Foto. Jon Olav Ørsal
Den 15. og siste visa var «Du finn ingen blome» som og har tekst av Astrid Krogh Halse. Denne vart framført i duett med Karstein Mauset og Torill Moe, der Jo Ranheim akkompagnerte på gitar. Det vart eit veldig flott innslag som fekk mykje applaus frå publikum.