Når ny kjøledisk skal inn i lokala på Matkroken er det naturleg å samle dei sterkaste karann i bygda, proklamerte handelsmann Nordvik da arbeidet starta straks før stengetid laurdag. Den gamle kjøledisken for frukt og grønt skal få avløysing og ny, større og meir moderne kjøledisk skal erstatte den gamle.
Den siste tida er det gjort bygningsmessig tilpassing, slik at alt skulle gå greit denne dagen. Den gamle disken skulle med list og lempe gå ut gjennom hovudinngangen til butikken, medan den nye disken, som kom i to deler, skulle smette inn gjennom lagerporten og inn gjennom butikken.
Alt tyder på at planlegginga har vore god, for før klokka var 16 var oppdraget utført, og da var det berre sammenmontering og inplassering mot veggen som stod igjen. Dei sterke karane var ikkje så opptekne av at dei var bygdas sterkaste – dei var ifølge eige utsagn meir opptekne av å jobbe smart.
Matkroken Todalen er med i Merkursamarbeidet, der nye kjøledisk er ein del av heile prosjektet som er kostnadsrekna til rundt 400.000 kroner. Matkroken som er definert som utkantbutikk får eit tilskot på slike investeringar på 50%, slik at det skal være muleg å ha rasjonelle butikkar, sjøl om omsetninga ikkje er så stor. I tillegg til ny kjøledisk så skal det skiftast sikringsboks og deler av elanlegget, samt skifte av nytt dataanlegg og kortterminal til drivstoffanlegget. Dette er oppgradering med tanke på brannsikkerheit som det blir sett krvav om, fortel Terje Nordvik til Todalen.no.