Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samhald og trivsel på Norway-Cup

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. august 2023

Sist laurdag reiste mange lokale fotballspelarar til Norway-Cup i Oslo. Kampane tok til søndag formiddag, og dei siste finalane blir spela i morgon. Totalt var det 20 spelarar frå Søya/Todalen som sette kursen til Oslo og Norway-Cup. Dei fleste av spelarane frå Søya/Todalen spelar no for Surnadal, men 4 spelarar spelar for Surnadal/Søya G 13 og 3 spelar for Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G 14. 3 av dei 20 spelarane frå Søya/Todalen er frå Todalen. Alle dei lokale laga er no ferdigspela og spelarane stort sett komne heim. 

Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G 14. Bilde frå Kvass/Ulvungen si Facebook-side

– Norway-Cup har vore ei positiv oppleving, både sosialt og sportsleg, seier leiar i I.L. Søya si fotballgruppe, Leif Magne Andersen. – Dette er ein opplevelse for alle, og noko dei hugsar resten av livet, legg han til. 

Surnadal J 14. Bilde frå Surnadal I.L. si Facebook-side

Fleire av dei lokale laga har gjort det bra sportsleg. Aller lengst av dei lokale laga kom i år Surnadal/Søya G 13, som nådde 1/16 dels-finalen, der det vart tap 1 – 5. 

Surnadal G 19. Bilde frå Surnadal I.L. si Facebook-side

Like viktig som det sportslege under Norway-Cup, er det sosiale og det å bli kjent med andre spelarar frå andre lag. Med ein kamp kvar dag dei første dagane, blir det god tid til å gjere andre ting. Så dei fleste har nok fått eit minne for livet, og neste år reiser nok mange nedover til Oslo for å delta på neste års Norway-Cup. 

Surnadal J 16. Bilde frå Surnadal I.L. si Facebook-side

For resultat og meir om laga sine kampar, viser vi til driva.no som har hatt ei fyldig dekning frå årets Norway-Cup. Her kan ein også sjå nokre kampar med lokale lag i opptak. 

Surnadal G 15. Bilde frå Surnadal I.L. si Facebook-side

Publisert: 4. august 2023, 14:46