Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Same procedure as every year

Same procedure as every year

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. februar 2013

Hovudretten var i allfall den same som i fjor, og i forfjor og året før.  Og den er det ingen grunn til å forandre, for «kjøtt og påsse» er så absolutt på pallplass når det er snakk om lokal god mattradisjon.  Og i år, som i fjor og året før var underteikna så heldig å bli invitert til feiring av feittysdag på Vestrum, med Karen Johanne og Svein Talgø ved grytene. På menyen var det ertesuppe til forrett, kjøtt og påsse til hovudrett og Créme Brûlée til dessert.

Fakta om feittysdag på wikipedia: Feittysdag er tysdag før askeonsdag, og den siste dagen før fasta tek til. Som namnet seier, fell han alltid på ein tysdag. Dette er ikkje ein dag frå den kriste liturgien, men ein folkeleg festdag i oppkøyringa til den kristne fastetida. Det har vore tradisjon for å eta mykje feit mat på feitetysdagen for å vera best mogleg førebudd på fasteperioden, og for å tømme skapa for ingrediensar ein ikkje trenger i fasta. Matskikkane har heldt seg godt mange stader, sjølv om få fastar lenger.

Publisert: 12. februar 2013, 23:33