Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Samarbeidslaget G16 trekkjer seg.

Samarbeidslaget G16 trekkjer seg.

Elinor Bolme Tysdag 30. mars 2010

Fra IL Søya er det kome ei pressemeldig angående statusen til G 16 laget som tidligere i vinter har vorte påmeldt til 1. divisjonsspel i den årlege fotballserien. No har lagledarar og trenarar gått til det drastiske steg å trekkja laget frå påmeldt serie, fordi dei ikkje vil stå som ansvarlege for å greie å stille lag gjennom heile sesongen.

Grunnen til dette er hovudsakleg dårleg oppmøte på trening og lite initiativ frå spelarane som er årsaken til dette. I haust var det krisemøte mellom lagledelsen, spelarane og foreldra utan at dette har verka inn på motivasjonen.

Uansett vil dei som trufast har møtt opp på trening fortsatt kunne ha eit tilbud; dei født i 94 kan verta med seniorlagetslaget (A eller B), medan dei født i 95 kan verta med på G14 laget som overårige spelarar. Alle dei overnemte laga, inkludert G16 er innunder samarbeidet med Todalen, Søya og Kvass/Ulvungen.

Publisert: 30. mars 2010, 15:59