Todalen Elveeigarlag har fått med seg Start 4H og Todalen Idrettslag, og saman skal dei arrangere ein sosial og inspirerande ettermiddag i august, der rekruttering av nye fiskarer står på agendaen.
Det er kjempebra at vi får til eit utvida samarbeid saman med Start 4H og Todalen Idrettsalg til å arrangere ein motivasjonsdag, der rekruttering av nye fiskarar i Toåa er tema for dagen, fortel fagsjef i Todalen Elveeigarlag, Tove Talgø Brøndbo. – Arrangementet heiter eigentleg Ungdomsfiske, men vi utvidar dette til å invitere barn og ungdom i alle aldrar saman med foreldre og øvrige interesserte til Bruset fredag 9. august kl. 16.30, fortel Tove.
Start 4H og Todalen Idrettslag tykte det var artig å bli invitert med som arrangør på dette, fortel Ragna Kvendset og Endre Talgø. Vi kjem til å sette vårt preg på dagen med både leik og aktivitetar som vil engasjere både unge og meir vaksne, fortel dei. Hovedtema er fiske og fluebinding, men det skal også handle om øksekast konkurranse, pil og boge og kanskje får vil til fleire spennande aktivitetar også. Her er det viktigaste å delta, og vi lover premie til alle som deltek, fortel dei. Todalen Elveeigarlag byr på mat og drikke til alle, og vi har bestilt godt vær, så grilling blir det, fortel Ola Dalsegg.
Jo Kvande Hansen frå Intersport Surnadal stiller som instruktør, og fortel at han gler seg til å tilbringe ein ettermiddag ved Toåas bredd saman med ivrige og unge fiskarar. Det er viktig å starte tidlig med interessen, og vi veit jo at mange elver slit med nyrekruttering av nye og yngre fiskarar. Dette blir berre artig å vere med på, og kanskje er det nokon som får sin første fangst den ettermiddagen, fortel Jo.
Vi kjem tilbake med ei oppdatering rett etter sommarferien, fortel arrangørane fra elvaeigarlaget, idrettslaget og 4H.