For andre var det kanskje ein vanleg måndag i november, men for Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset var det i dag på tide å brette opp bakstermane og knyte på forkleet for det som er eit av høgdepunkta i førbuingane til jul. For 35. gong var dei samla til å lage lefser av den tynne, potetbasert sorten. Ja, den som gjer seg svært godt i hop med s-ane: smør, sirup eller sukker.
Fordelinga på arbeidet er «Same procedure as every year» der Liv Jorunn og Åse kjevlar ut lefsene, og Kari har styr på steikinga. Alle tre har med kvar sin deig, og det er meir som eit mysterium kvart år korleis noko så tamt som potet og mjøl kan bli til noko så himmelsk godt.
Takk for smaken! Vi som er heldige nok til å ha god tilgang på det flate gullet i jula ser fram til dei neste 35 åra med lefse.