Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saman for Surnadal – mest latter, men også litt alvor

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. mai 2025

For fjerde gong inviterte Vårsøghelga, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening til mini-konferansen Saman for Surnadal i lokala til SpareBank 1 Nordmøre på Skei fredag.

Mini-konferansen er ein del av programmet under Vårsøghelga, og det var styreleiar i Vårsøghelga, Ole Magne Ansnes, som var programleiar for mini-konferansen. Årets utgåve hadde fått undertittelen «Med hjarte for bygda». Her hadde næring og kultur gått saman for å vise at Surnadal, og bygdene generelt, er ein fin stad å bu.

Det heile starta med litt mingling og mat, før programleiar Ole Magne tok plass på scena og gjorde seg klar til å samtale med årets samtalegjestar. Ole Magne sin humoristiske innfallsvinkel passa godt saman med årets gjestar, så det vart mykje latter og veldig god stemning, både på sena og i salen, i dei knappe to timane mini-konferansen varte.

Knut Haugen, direktør næringsstøtte i SpareBank 1, ønskte velkommen til Saman for Surnadal. Foto: B G Ansnes

Knut Haugen

Knut Haugen, direktør næringsstøtte i SpareBank 1 Nordmøre ønskte på vegne av banken velkommen til banken. Han fortalte litt om banken og den økonomiske situasjonen. SpareBank 1 Nordmøre er den 12. største sparebanken i landet, og har kontor frå Ålesund til Trondheim, der Surnadal og Kristiansund er hovudbasane. Banken har totalt seksti tusen kundar.

Knut meinte Surnadal kommune er ein bra kommune å bo i, for her har vi mange tenester. I tillegg har vi eit rikt idretts- og kulturliv, noko som er viktig for trivsel og bolyst.

Han understreka også at det er viktig at vi snakkar oss opp, og ikkje ned!

Eirin Liabø Røbech snakka om kor viktig kultur er for å bygge identitet og stoltheit. Foto: B G Ansnes

Eirin Liabø Røbech

Eirin er til dagleg redaksjonssjef i Tidenskrav i Kristiansund. Dette var faktisk første gongen ho besøkte Surnadal. Eirin framheva kor viktig kultur er for bygge identitet og stoltheit i eit samfunn, og da spesielt når samfunnet elles slit i motbakke.

Som eksempel her brukte ho sjukehussaka, som over fleire år skapte splid og sårheit i befolkninga i Kristiansund, men der kulturen var med på å bygge opp igjen identiteten og stoltheita.

Suksessen til Krisitansund Ballklubb dei siste åra har også vore viktig med tanke på identitetsbygging og lidenskap sa Eirin.

Lars Korff Lofthus er årets Vårsøgutstillar. Foto: B G Ansnes

Lars Korff Lofthus

Lars er årets Vårsøgutstillar og har utstilling i Finstuå på Surnadal kulturhus. Lars har ei omfattande utstillingsverksemd, med skriving, musikk og kunst.

Lars kjenner Jon Arne Mogstad godt, og han hadde mykje positivt å seie om Jon Arne sitt Surnadal Billag på Surnadalsøra. Billaget er ein fin arena både for å få inspirasjon og idear sa Lars.

Kunsten til Lars har vore karakterisert som bondevakker og homoerotisk, og det har nok samanheng med at mange av kunstverka hans er inspirert nakne menn.

Musikals innslag med Tore Bredesen

Etter at Lars var ferdig, entra Tore Bredesen frå Grøa scena og spela to country-låtar for oss. Tore hadde forresten muntleg eksamen i engelsk på føremiddagen, før han kom til Surnadal!

Bergsvein Brøske er leiar i medarrangør Surnadal Næringsforening. Foto: B G Ansnes

Bergsvein Brøske er leiar i Surnadal Næringsforening. Han sa at Surnadal Næringsforening har som mål at Surnadal skal vere eit mest mogleg attraktivt samfunn. Han sa vidare at attraksjonskraft er viktig i dette arbeidet, og at Vårsøghelga er ei slik attraksjonskraft.

Svein Håvard Saksen er ekte Todals- og Surnadals-patriot. Foto: B G Ansnes

Svein Håvard Saksen

Svein Håvard var som dei fleste veit med i Farmen sist haust, der han vart nummer to i konkurransen. Men han hadde enno ikkje sett opptaket frå finalen, og han trudde heller ikkje han ville gjere det.

Svein Håvard er ekte Surnadals-patriot og held fast på dialekta si. Under Farmen fekk han spørsmål om dei ikkje bruka ø i dialkta hans, fordi han sa græt, fær, gjær og liknande. Da svara han at dialekta hans sjølvsagt hadde ø, og at øl og lønn var to døme på ord med ø, og to ord som høyrer saman understreka han.

Svein Håvard har opplevd fleire gonger at folk kjenner han att etter Farmen, og at mange har spurt om ein selfie, til og med på Halsaferga!

Svein Håvard har alltid vore interessert i fly, og i 2020 tok han småflysertefikat. Det har han hatt mykje glede av, både i fritida og i arbeidssamanheng. Han er salsingeniør av yrke og har Innlandet til Finnmark som distrikt, så da er det effektivt og tidssparande å bruke fly av og til.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge er ein ekte nynorsk- og dialektbrukar. Foto: B G Ansnes

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge fortalte at ho var andre generasjon innflyttar til Surnadal, men at ho fullt og heilt såg på Surnadal som heime, og da spesielt Østbødalen der ho vaks opp. Jenny har vore stortingsrepresentant i snart 18 år, men til hausten er det slutt.

Kva Jenny skal begynne med etter at ho er ferdig på Stortinget var ho ikkje heilt sikker på, men ho skulle i alle fall ikkje bli lokalpolitikar att, eller høyrde vi ein liten kanskje i svaret? Ho var innom at ho kanskje skulle satse på kunsten, men vi får sjå kva ho tek til med etter kvart.

Jenny sa at ho ikkje var så glad for at foreldra hennar i si tid bestemte at ho skulle ha nynorsk på skulen fordi venene hennar hadde det. Men etter skulegangen har ho brukt dialekt og nynorsk konsekvent, også når ho tek ordet i Stortinget. Referentane på Stortinget har fleire gonger sagt at dei storkosar seg når Jenny skal på talarstolen, fordi dei tykkjer ho har så fin ei dialekt .

Jenny sa at dialekta var ei styrke for henne i det daglege og når ho skal få fram sitt politiske bodskap. Dette fordi dialekta vår er distinkt og at det difor er lettare å få fram bodskapen på ein klar og god måte.

Alt har ein ende

Slik også for mini-konferansen Saman for Surnadal. Årets utgåve var den fjerde i rekka, og med eit slikt program, dyktig programleiar, og flotte og humoristiske gjestar, så er vi sikre på at det blir fleire slike konferansar i åra framover!

Til slutt gjekk heile forsamlinga ned førsteetasjen, der ein trekkspelspelande Henning Sommerro tok i mot oss.

Henning Sommerro spela på trekkspel og song. Foto: B G Ansnes

Henning hadde fått spørsmål om han kunne ordne med nokon som kunne underhalde litt, og da han fekk høyre at det var betaling å tå, ja, så tok han oppdraget sjølv, sa han!

Henning spela nokre songar frå sitt rikhaldige repertoar, eit verdig punktum på ein særs bra mini-konferanse.  

Publisert: 24. mai 2025, 10:32