Under Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei.
Programmet for konferansen ser slik ut:
• Mingling og mat
• Jenny Klinge (Stortingsrepresentant for Senterpartiet)
• Eirin Liabø Røbech (Redaksjonssjef i Tidens Krav)
• Svein Håvard Saksen (Salgsingeniør og Surnadalspatriot)
• Lars Korff Lofthus (Biletkunstnar og bygdeentusiast)
• Allan Troelsen (Administrerende direktør i SpareBank 1 Nordmøre)
• Bergsvein Brøske (Leiar i Surnadal næringsforening)
Ole Magne Ansnes er programleiar.
«Med hjarte for bygda»
Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal næringsforening ønsker velkomen til mini-konferansen dei har kalla «Med hjarte for bygda». Her går næring og kultur saman for å vise at Surnadal, og byda generelt, er ein fin stad å bu.
Dette lovar dei å få fram på ulike vis, med samtalar og presentasjonar, der dei mellom anna stiller spørsmåla:
- Korleis ser byen på bygda? – Og omvendt.
- Kva har bygda å by på av verdiar, tryggleik og kulturell velferd?
Det er tøffe tider i mange små kommunar. Da gjeld det å stå saman, både kommune- og regionvis.
Og sjølvsagt blir det kulturelle innslag.
Lenke til påmelding: nordmore.pameldingssystem.no/saman-for-surnadal-2
Arrangørane ønsker velkomen til nokre timar med trivsel, freske fråspark – og heilt sikkert nokre ord til ettertanke.