Tysdag kveld klokka 19:00 blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik kyrkje. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar da salmeboka i full breidde. Dette heiter det i ei pressemelding vi har fått i dag
«Norsk Salmebok 2013» er truleg landets rikaste samling av poesi og musikk. Dette har inspirert prest og konfirmantlærar Torbjørn Brøske til å dykke djupt i skattkista.
– For konfirmantane i Todalen, Åsskard og Stangvik blir dette ein annleis undervisningstime, seier Torbjørn. – Samtidig blir det ein open songkveld for publikum, og vi håpar mange møter opp og stemmer i, legg han til.
Salmeboka har innhald med skikkeleg sus: Sterke tekster som handlar om alle livets faser og følelsar, frå heilagt alvor til jublande fryd. Musikk som biletleg tala kling i alle toneartar, frå danserytm1r til melankoli.
Torbjørn har fått med seg damekoret Credo, leia av kantor i Surnadal, Oddveig Helset Halle. Tidlegare korleiar frå Høgskulen i Levanger, Svein Volle, syng kjende «bedehussongar». Både Oddveig Halle og kollega Bernt Bøe gir tonefølge.
Torbjørn knyter programmet saman – i rask «sju-mils-vandring» gjennom historisk salmekultur. Emne som «Luther», «Fjerne himmelstrøk», «Folketonar» og «Forvaltaransvaret» fortel om variasjon og heilskap i salmevalet.
Bernt Bøe lovar å røpe diktarpresten Petter Dass si spesielle tilknyting til nettopp Stangvika. – Men kva den bestod i, er det dei frammøtte som får vite, seier han.