Torsdag kveld er det duka for salmekveld i Øye kyrkje. Tema for kvelden er «I Guds omsorg» og Sverre Hatle vil leie kvelden og knytte nokre ord til salmane som skal syngjast. Songkoret Tormod deltek med korsong saman med Damekoret Credo. Det blir også musikkinnslag med Tove E.Strand på fløyte og Oddveig Helset Halle på piano/orgel.
Øye og Ranes sokneråd ynskjer velkomne til eit fint program i haustkvelden med song og musikk!