Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Salmekonsert – på øvingskveld med P17-koret

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mars 2025

Onsdag kveld inviterte P17-koret til salmekonsert i Todalen kyrkje, med eit rikt program med salmar av alle slag – «songperler året rundt» hadde dei kalla det i prorammet.  Denne kvelden var koret forsterka med Turid Røen Kroknes og med Tove Elin Strand på fløyte.  Her fikk vi ein fin variasjon av alle slags salmar frå salmeboka og altså framført som korsang.

Mannskoret i P17-koret. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt var det salmar frå heile kyrkjeåret og som det står i programmet svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Bethowen.  Her var det musikk av mange av dei kjente komponistane som Mendelsohn, Bach, Grieg, Sibelius og mange fleire. Sågar var det eit innslag som var signert Bernt Bøe – ein dåpssalme «Vi har ei gåve i våre hender».

Turid Røen Kroknes var solist. Foto jon Olav Ørsal

Det var også variasjon i bruk av heile koret og berre som mannskor – med og utan solist og sågar som med deler som allsong.  Tilsaman var det framført eit 20-tal salmar i løpet av kvelden.  Flott korsong og triveleg kveld, der Bernt Bøe var dyktig til å fortelje om dei forskjellige salmane.   

Tove Elin Strand med fløyta – foto Jon Olav Ørsal

Dirigent og eldsjel i P17-koret – Bernt G. Bøe. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. mars 2025, 06:00