Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Salmekonsert i Todalen – Klassisk og folkeleg

Innsendt av styret i P17-koret Fredag 14. mars 2025

Salmekonsertar fyller mange av landets kyrkjer for tida. Som lokal pådrivar inviterer koret P17 onsdag til songkveld i Todalen kyrkje.  – Her svingar det stilmessig frå bedehus og søndagsskule til Mozart og Beethoven, seier styret i koret.  

Prosjekt 17 fører an i salmekonserten. Her frå Åsskard kyrkje i haust. Foto Mali Settem

Mange tonar av klassiske komponistar er nemleg å finne i «Norsk Salmebok». Til sluttkoret frå Beethovens 9. symfoni har Eyvind Skeie skrive «Ærens konge». Til «Hans navn skal være Jesus» låner boka «Der Lindenbaum» av Schubert. Bak «Deg være ære» finn vi sjølvaste G.F. Handel.

Tove Elin Strand deltek med fløyta si. Foto Bernt Bøe

– Salmistane brukar også musikk av Mendelssohn, Bach, Grieg og Sibelius, seier P17-leiar Bernt Bøe. – Og visste du at den flotte misjonssalmen «Din rikssak» har melodi av lillebror Michael Haydn?
Ramma om salmekonserten er «Songperler året rundt». Koret legg overstemmer til mykje av allsongen. Dertil syng dei eigne korsatsar av Bach og Mendelssohn før dei avrundar kvelden med Petter Dass-salmen «Den liuse Dag gaar under»

Turid Røen Kroknes – i mange år distriktets fremste alt-solist. Foto Bernt Bøe

Turid Røen Kroknes er solist i songar av Bach og Kverno. Tove Elin Strand legg vakre fløytetonar oppå deler av programmet.  Todalen sokneråd er arrangør saman med koret Prosjekt 17.

P17-koret er medlem i Todalen.no

Publisert: 14. mars 2025, 13:00