Det er eit sikkert vårteikn at Sanitetskvinnene er på plass for å selje maiblomster, men i dag lava snøen ned utanfor Halsbua. Det var lite som minte om vår, og det var lite som inspirerte til vårpynting.
Men det vart seld bra både med maiblomster og maikransar, kunne Arndis Søyset og Åse Ville Redalen fortelje da todalen.no var innom. Seinare på dagen tok Solveig Glærum og Maren Ansnes over salget.
Salsinntektene av maiblomster har i godt over 100 år vore viktige for arbeidet som Sanitetskvinnene har lagt ned for folkehelsa, i starten ikkje minst kampen mot smittsame sjukdomar som t.d. tuberkulose og poliomyelitt. Opplysingsarbeid var kanskje det aller viktigaste.
Herman Wildenwey (1885 – 1959) skreiv eit lite hyldingsdikt:
MAIBLOMSTEN
Et frø som falt i hjertenes jord
er blitt til blomster som villig gror
og vokser i millioner
av blanke blomsterkroner
Maiblomsten!
Og se i dens spor
blomstrer folkehelsen!
KUNSTLOTTERI
Ein nyare tradisjon er det årlege Kunstlotteriet til Sanitetsforeininga i Todalen. Her blir det seld lodd gjennom heile året, og det er trekking på årsmøtet.
I år blir det utlodda eit fint og faregrikt måleri av Marit Bergem. Ho er frå Sunndalsøra, men no bur ho i Sandefjord der ho har galleri m. Ho har i mange år arbeidd som biletskapar, og i dag er preferansen akryl på lerret og akvarell. Sjølv skriv ho på heimesida si mellom anna: «Inspirasjon finner jeg i livet rundt meg, spesielle situasjoner, barns enkle og ærlige uttrykksform og naturens uendelige skattkammer».
Det blir fleire høve utover året til å kjøpe lodd på måleriet.