Ingrid Bergå saknar sykkelen sin etter pubkvelden for 2 veker sia. Det er ein plommefarga damesykkel som stod i garasjen, og som kom bort i løpet av natt til søndag. Mest sannsynleg trur ho det er ein pubgjest på veg heim som er syndaren, men tykkjer det er utruleg frekt å gå inn i garasjen til folk for å ta seg ein sykkel.
Har du sett ein plommefarga sykkel ein eller annan plass rundt bygda eller sett nokon syklist på slik sykkel laurdagskvelden 13. juli sett vi pris på om du tek kontakt med redaksjonen på e-post red@todalen.no eller telefon 913 38 020.
Ingrid fortel også at ho likar dårleg at det blir urinert på garansjeveggen- og døra inn til garansjen, slik som det var gjor sist natt. Vi er enig i at det kan vere andre plassar oppover bygda som er betre egna!