Tyske turistar har ved eit uhell fått eit garn på kroken i Todalsfjorden ved Nordvik. Dei søker no etter eigarmannen og beklagar sterkt at dei kom i skade for å dra opp garnet. Det er inga merking på garnet, men dersom det er nokon som kjenner det att, så er det berre å ta kontakt med Matkroken Todalen for å få att garnet, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no
