Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saklista til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mai 2024

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. No er saklista til årsmøtet klar, og den kan du sjå nedanfor. Etter at årsmøtesakene er unngagjort, vil vinnar av «Årets bilete» bli offentleggjort. Det blir enkel servering. 

Saklista til årsmøtet ser slik ut:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Godkjenning av saklista
  3. Val av ordstyrar
  4. Val av sekretær
  5. Val av to til å skrive under årsmøteprotokollen
  6. Årsmelding for 2023
  7. Rekneskap for 2023
  8. Nye vedtekter for Todalen.no
  9. Medlemskontingent for 2025
  10. Val

Etter årsmøtet vil det bli ein gjennomgang av statistikkar for 2023 og litt orientering. 

Representantar for lag, foreiningar og selskap kan møte på årsmøtet med fleire, men berre ein representant har røysterett per medlem. 

Todalen.no ønsker velkommen til årsmøtet sitt!

Publisert: 3. mai 2024, 19:51