På MøreTre passerte siste tømmerstokken saga i dag. Ein epoke er over, men det er på ingen måte nokon brems på for selskapet som høvlar og sel meir produkter av skurlast enn nokon gong. Sagverket på Møretre er frå 1975, og har dermed gjort teneste gjennom 40 år, og sjølv med ei oppgraderinga av anlegget først på 2000-talet kan vi konstatere at anlegget er utslitt, seier dagleg leiar Hallvard Brusethaug i MøreTre.
I dag passerte siste stokken gjennom det gamle sagverket, og dermed er det definitivt slutt. Driftsleiar Roar Nordvik fortel dersom anlegget skal oppgraderast, så er det ei investering i 100-millionklassen, og da trengs det også rundt 100.000 m3 med tømmer for å halde anlegget i drift. Dei siste åra har det vore skåret 6-7.000 m3, men på det meste var det skåret rundt 20.000 m3. Men ingen blir arbeidsledige av den grunn. Dei 5-6 personane som har jobba på saga er alle med i MøreRoyal-produksjonen, og har vore lånt ut til saga eit par månader i den stillaste tida. No blir det altså slutt på det.
I dag er det MøreRoyal-produksjonen som er bærebjelken i MøreTre. I dag er det rundt 100 tilsette i produksjon og administrasjon på Møretre. I tillegg kjem marketing- og salsapparat som er felles med resten av Talgøkonsernet. I 2013 vart det investert rundt 40 mill i nytt anlegg for produksjon av MøreRoyal – no er snart kapasiteten sprent både på høvleri og MøreRoyal behandling, seier Nordvik til slutt.