Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata ”Sæle jolekveld”, og fekk svært gode kritikkar.
Aftenposten var av dei som var begeistra: «Denne juleplaten vil leve og glede hele året – så flott og sterk er den!»
Difor er det grunn til å gle seg når dei kjem til Surnadal kulturhus onsdag 29. november.
VG melder at dei frydar seg over den perfekte samklangen mellom Gunnhild Sundli sin klokkeklare stemme og Aasmund Nordstogas barske og mandige.
Dei to har sett saman ein julekonsert med folkemusikkens drivande nerve i seg, og byr på kjende og mindre kjende julesongar: framført leikande, vakkert og fredfullt, og med det intime samspelet mellom tekst og melodi i sentrum.
Begge artistane har røter i folkemusikken, og med seg har dei nokre av fremste musikarane i den sjangeren. Saman vil dei skape ein julekonsert i særklasse!