Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det vêrforandring

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2024

Det kom slett ikkje soms på, men likevel vart det litt uvant med regnvêr igjen.  Slutten på veka som gjekk var kanskje sommarens finaste helg, med rikeleg med sol og med skikkeleg sommartemperatur til langt på natt.  Ein kjempefin kveld vart det, med Thaiaften på Todalshytta og det var mange som nytta høvet til å nyte sommarkvelden i fullt monn. I helga har faktisk gradestokken vore ganske så nær 30-talet.

No blir det eit par dagar utan sol og badelig, men i slutten av veka lover yr.no at det skal bli sommar og sol igjen, sjølv om det ikkje blir så varmt som det har vore dei siste dagane.  Men det er kanskje greit å «kjøle ned» litt og  få vanleg Nordmørsvêr nokre dagar – men vi skulle hatt betre vêr til Stangvikfestivalen.  

Publisert: 22. juli 2024, 12:58