Onsdag var det torvtekkjing på nyhuset til familien Gjeldnes/Skjerve i Bekkerhagan. Dei har venta på mildvêret etter siste snøfallet for å få lagt på torv etter at det vart tett tak og nytt tro var ferdig til jul. Denne veka er det lagt på isolasjon og gjort klart til torvtekkjing og onsdag kom bilen frå Frosta med eit heilt lass med torv, og kran for å løfte torva på plass. I løpet av 2-3 timar var begge taksidene dekt og jobben var gjort.
Dei to taksidene er tilsaman rundt 170 m2 og jobben var som sagt unnagjort på 2-3 føremiddagstimar. Det er Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som skal fortsette jobben med huset, og no når taket er ferdig er det utvendig kledning og montering av vindu som står for tur.