Med snøfallet siste døgn og nokre få kuldegrader, så vart det uteaktivitetar igjen. På Bordholmen er skeiseisen alt på plass, og banen er klar til bruk – enten du vil prøve det på kunstløp, ishockey eller kanskje først og fremst å lære å gå på skøyter. På Tjønnmyra er det også fine forhold. Heile traseen er køyrt opp, og det er fin-fine løyper der du kan prøve skiene på blåswix-føret.
På Bordholmen vart det såpass kaldt at isen vart klar utpå dagen, og sjølv om det er kome 30-40 cam nysnø det siste døgnet, så er isbanen rydda og det er fineforhold. Dersom du ikkje har utstyr så der det både skeiser og hockey-køller som du kan låne gratis – dei finn du i klubbhuset i garderoben. Så her er det berre å sette i gang, seier Knut Bergli så er isbanesjef.