Det var nok ein luftig jobb for dei som jobba med å skifte ut blåsene på fjordspennet. Dei gikk ut med ei slags vogn frå Hjellnessida og ganske langt utover. Ein litt luftig jobb som ein kan seie er typisk finvêrsarbeid, men det må nok gjerast.
Blåsene lever nok eit hardt liv på fjordspennet og fleire av dei har falt ned, slik at dei måtte skiftes ut. Blåsene i plast skal no byttes ut med blåser i aluminium, som skal være meir holdbare. Ei av blåsene som falt ned for ei tid tilbake var brannskadd, og dei er nok utsatt for lynnedslag her.
Monteringa av blåser er nok ei nødvendigheit for å markere kablane i fjordspennet for fly- og helikoptertrafikken .