Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore elendige forhold for fiske – NVEs vassmålar ovafor Storfossen har vis ei vassføring helt ned til 2,5 m3/sek dei siste dagane, og det har vore nærast umuleg å fiske. Det siste døgnet har det imidlertid regna jevnt, og vassmålaren etter kvart gått rett til værs og hamna på rundt 16 m3/sek i ettermiddag.
Det er no fine forhold for fiske, og det er naturleg å tru at laksen som har stått og venta i fjorden no vil gå opp i elva, slik at det kan bli eit betre laksefiske etter kvart. Det er meldt litt nedbør både laurdag og søndag, men i neste veke er det lite håp om nedbør etter vêrmeldinga på yr.no å dømme.