Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så lenge skuta kan gå….

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mars 2014

Odd Arne Halaas fikk god kontakt med publikum da han gjesta Skulstuå i Todalen med sitt «Todalprogram» med song og musikk etter Evert Taube. Eit trettital tilhørarar fylte Skulstuå, og dei fekk jammen valuta for pengane. Halaas kunne by på både kjent og ukjent song og musikk etter Taube, og vi vart etter kvart imponert over den sterke og klare songstemme til artisten og trubaduren.

Fylte Skulstua på Taubekonserten. Foto: Jon Olav Ørsal

Han opna førsestillinga med litt humoristisk ordkløveri, men tok utgangspunkt i den nye boka med Taubes verk og vi fekk etter kvart mange og flotte smakebitar som vekte begeistring blant publikum. vidare gikk det slag i slag frå «Dans på Sunnanö» som gikk fint som allsong, til avslutningsnummeret som var Calle Schewens vals. Underveis var det sjølvsagt pause, med både kaffeservering og lotteri.

TerjeN_9664

Terje Nordvik vann seg eggvarmarar til påske i Taubelotteriet. Foto: Jon Olav Ørsal

Evert Taube (1890 – 1976) var først og fremst tekstskribent, med var også «kompositör» og prouserte over 200 viser. Illustrasoner sørga han også for, både i form av teikningar, akvareller og maleri og no blir det også bilete av han på den nye svenske 50-lappen, kunne Halaas berette.

 

Publisert: 24. mars 2014, 23:55