Det er vel alle, utan unntak, som har ønska seg regn den siste tida. Og regn det kom det da etter kvart og i rikt monn natt til i dag. Ein kontroll av vassmålaren ovafor Storfossen bekrefta at det har vore skikkeleg nedbør i natt. Vassføringa som i sommar har lege på 1-5 m3/sek var plutseleg på 82,5 m3/sek ei lita stund mellom 3 og 4 i natt. Det er like oppunder verdiane for 5-årsflom, som NVE har sett til 85,6 m3/sek for Storfossen.

Fyrhushølen og Snekkarfossen i 11-tida etter at vassføringa var redusert frå 82,5 til rundt 50 m3/sek. Likevel er det mykje vatn. Foto: Jon Olav Ørsal
Vi tok ein liten fotorunde i formiddag, og i 11-tida var vassføringa rundt 50 m3/sek på Storfossen og sia har det gått nedover og er kl 16 kome ned på 33 m3/sek – altså under halvparten. Men likevel er det mykje vatn, og Storfossen er ein imponerande skue når den fraktar så mykje vatn.

Det dampa godt av Nauståfossen i føremiddag. På bildet er det rundt 9 m3/sek som set utfor fossen. Foto: Jon Olav Ørsal
Stor var også Nauståfossen på Kårvatn i morgontimane. Da vi tok bildet var det rundt 9,4 m3/sek. Men Nauståa var også på topp med vassføring frå midnatt og utover. Kl 1.00 var vassføringa på 19,35 m3/sek. Vidare utover natta har vassføringa variert ein del før nedgangen starta frå kl 6.00.
Måling av nedbør natt til i dag viser at natt til laurdag – frå kl 18 fredag til kl 08 laurdag morgon så kom det heile 43,7 mm nedbør midt i bygda. Muligens er det kome meir i fjellområda.