Endeleg kom det litt regn. Den knusktørre vegetasjonen i skog og mark har nok fått litt fukt, og brannfaren er nok redusert på kort sikt. På vêrmeldinga til YR.NO er det i dag meldt litt sludd og snø, men det blir opphald utpå dagen. Natt til tysdag er det og meldt litt nedbør, før det blir opphald og tildels pent vêr. Utover veka er det igjen meldt søraustleg vindretning, så vi kan fort ha same situasjonen med stor brannfare igjen, seier brannsjef Tor Arne Moen i Surnadal kommune.
Han presiserer at forbodet mot open eld forsatt gjeld både i Surnadal kommune og resten av Nordmøre. Forbodet mot open eld gjeld også gravlykter på kyrkjegardane og bålbrenning reint generelt. Det skal ikkje mykje vind til før vegetasjonen i skog og mark er like knusktørr og brannfarleg som før.
På langtidsvarselet til yr.no er det som sagt meldt litt nedbør måndag og natt til tysdag, og seinare i veka spår meldingane litt nedbør i form av sludd og snø natt til fredag. Ellers blir temperaturen framleis rundt null, med litt stigande temperatur i slutten av perioden-