Laurdag fekk vi litt føling med kulda, og i natt kom det 3-4 cm snø. Meir snø og skiføre må vi nok vente litt på enda, men kuldegrader blir det gjennom heile veka og dermed blir det ein ypperleg sjanse til å lage is på asfastbanen på Bordholmen, seier Knut Bergli i styret for Todalen idrettslag.
Søndag ettermiddag var Knut og borna Maria og Ingebrig i full gang med å rigge til isbanen, og det stod berre igjen å få vatn i slangen da stakk innom Bordholmen. Vi reknar med at det alt måndag kveld kan være fin is, og klart for aktivitetar på isen. Det er jammen på tida at det blir såpass vinter at borna kan drive litt med vinteraktivitatar.
Langtidsvarslet på YR.NO byr på kuldegrader i heile 10-dagarsvarslet og det blir temperaturar mellom 0 og 7-8 minusgrader i heile perioden, men foreløpig er det ingen nedbør i sikte.