Vi har tidlegare skrive om utbygginga av fjøset i Viastua. Onsdag var snekkarane frå Vibo i full gang med montering av takstolar på den nye delen av fjøset etter at nye elementveggar er sett opp tidlegare i vår. No skal snekkarane frå Vibo fullføre jobben med utvidinga av fjøset, som skal væra klart til å takast i bruk når kalvinga startar for fullt i juli.
Ved å klikke på linken kan du lese meir om Ola Kvendset som satsar på nytt fjøs og mjølkeproduksjon i Viastua.