Fristen for å melde seg på årets Søyacup 2014 er no over, og arrangørklubben IL Søya melder no om 57 påmeldte lag. I skrivande stund skulle dei gjerne hatt to J12 lag til for å komme på maksimal kapasitet. Dei ventar i følge ilsøya.no på svar fra et par J12-lag i Romsdalen, samt eitt lag fra Trøndelag.
Forutan lokale lag fra indre Nordmøre stiller Sjetne G12 og Frei FK G10 (2 lag). Sunndal IL stiller med heile 16 lag til årets turnering.
I løpet av veka starter jobben med å lage kampoppsett, der arrangørane vil gjere det dei kan for at flest mulig lag skal få ein cupdag med passande lengde – uten altfor mykje venting mellom kampane. Todalen.no kjem derfor tilbake med oppdatert kampoppsett så snart fotballstyret i IL Søya har det klart.