Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søyacupen vel i hamn

Søyacupen vel i hamn

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. august 2012

Laurdag var det ein lang fotballdag på Søyabanen. Den første kampen starta kl 09.30 og sidan har det i bostaveleg forstand vore full rulle heile dagen til dei siste kampane var ferdig i 18.30-tida. Det har vore 60 lag i aksjon på Søyabanen, og dei har tilsaman spela rundt 90 kampar. Det har vore deltakarar frå heile Nordmøre og helt til Trøndelag, der iallfall Sjetnemarka og Ranheim stilte med lag.

Det var knøtt, miniputt og lillegut/lillejente – i alt rundt 600 spelarar har delteke i Søyacupen til saman og med stort og smått har det vore rundt 1500 personar som har kome og gått i løpet av dagen. Søyacupen 2012 er den største fotballturneringa som har vore arrangert i Surnadal kommune til no. Flott arena og flott arrangement – både spelarane og publikum kosa seg i det fine sommarvêret! Her kan de lese meir om Søyacupen på heimesida til IL Søya.

Todalen.no var innom og vi har knipsa nokre bilder som er lagt ut i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. august 2012, 20:55