Søndag blir du invitert til ettermiddagskaffe! Det er Todalen historielag som står attafor invitasjonen, og det skjer i Todalen ungdomshus søndag 10. februar kl 14. Historielaget har mykje meir å by på enn berre kaffe og kaffebrød. Da blir det visning av gamle videoglimt, der Svein Åge Saksen viser opptak han gjorde for mange år sia – heilt i videofilmens barndom. Treskjerarkunst blir det og vist, for historielaget har fått låne ei unik samlig etter Kristoffer Gjeldnes på Snøya.
Det er Sven Olav Svinvik som vil vise fram og fortelje om dei fine dyra som er skorne ut i tre og måla slik som modellane i Oppistua på Hjellnes var ein gong for et par mannsaldrar sia. Dette er heilt unik treskjerarkunst som ikkje har vore vist fra før. Elles byr historielaget som sagt på kaffe og variert kaffemat, før dei rundar av med loddalg og lotteri. Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument.
Alle er velkomne!